Sal av Etne Jordbruksskulegard

Etne Jordbruksskulegard vart selt 29. mai 2017 av Stiftelsen vestnorsk senter for bygdeutvikling (VSBU)  til Lars Johan Flatebø for 8,95 millionar. (Sjå også prospektet).

I april 2016 vart Leif Grindheim ny styreleiar i Stiftelsen vestnorsk senter for bygdeutvikling (VSBU) som har vore eigar av Etne Jordbruksskulegard sidan 1993. Næringsstyret i Etne kommune som vel styrerepresentantane, meinte tida var moden for sal av garden og oppfordra det nye styret til gjennomføra eit slikt sal.

I løpet av året som har gått, er det blitt lagt ned mykje arbeid for å få klargjort garden for sal. Garden hadde vore blitt forsømt gjennom mange år og det var difor store manglar. Det vart difor gjennomført ei stor opprydding på garden både inne og ute, og bustadhuset blei fiksa opp. I tillegg vart det gjort ein stor jobb mot det offentlege, for å få best mogeleg grunnlag for salet av garden: endra på stengingsvedtak for driftsbygningen frå Mattilsynet, få dispensasjon frå Landbruksdirektoratet for å få gjort mjølkekvota omsetteleg, og få endra på avtalen frå 1993 med Hordaland Fylkeskommune. Det har vore eit omfattande arbeid, men gav også resultat.

Legria har gjort mykje av det administrative arbeidet, men har også vore involert i ein del av det praktiske arbeidet. Mateusz Sobieraj har sett opp ny brannmur og har gjort ein del anna murearbeid. Medarbeidarane har også vore med malararbeid og diverse anna.

Her linkar til artiklar som har vore i ulike aviser:

23.04.2016 https://grannar.no/2016/04/na-skal-garden-seljast/
19.05.2016 https://grannar.no/2016/05/fiksar-garden-sal/
30.03.2017 https://grannar.no/2017/03/kan-bli-prisrekord/
29.04.2017 https://www.h-avis.no/nyheter/etne/gard/vil-du-bli-storbonde-i-etne/s/5-62-394165
13.05.2017 https://grannar.no/2017/05/no-kan-du-pa-etnes-storste-gard/
29.05.2017 https://www.h-avis.no/nyheter/etne/naringsliv/27-aring-har-kjopt-tesdalsgarden/s/5-62-424968
29.05.2017 https://grannar.no/2017/05/seld-naer-ni-millionar/
07.07.2017 https://www.bt.no/nyheter/i/55oab/Denne-familien-star-bak-en-av-de-store-investeringene-i-jordbruket-pa-Vestlandet-Na-har-de-kjopt-gard-nummer-to-for-ni-millioner-kroner