Utsiktsrydding Lyngholmen – Eltravåg, Sveio

Utsiktsrydding Lyngholm Eltravåg

Prosjektet blei gjennomført i perioden oktober 2017 – februar 2018. Det var store areal som blei rydda, i alt ca. 270 mål. Ryddinga blei gjort langs Lyngholmvegen, Gullvegen og langs Nordsjøløypa. Skildnaden før og etter at det er rydda, er svært stor. Me fekk manga kommentarar frå dei fastbuande, som er svært glade for at arbeidet er blitt gjort. Det var ei eldre dame som meinte at så flott og ope hadde det ikkje vore på 40 år.

I ryddeprosjekta prøver me å tenka heilskap og få rydda større område. Det er då viktig å få med mange grunneigarar og dei fleste stiller seg positive til dette. Me kan då rydda større område samanhengande og verknaden blir større. Det vanlege er at ein grunneigar ein del av sitt område, medan resten av skogen rundt står som før.