Trimmarane får ny turveg

Grunneigar Trond Berge (t.v.), Arne Gunnar Habbestad og Leif Grindheim frå Vindafjord turlag går her på den gamle traktorvegen mellom Ølensvåg og Bjoa. Arbeidet med å oppgradera traseen for turgåarar og syklistar er i full gang. Foto: Anita Haugland

Målet er at den nye tur- og sykkelvegen mellom Ølensvåg og Bjoa skal vera ferdig innan året er omme.

Artikkel i Grannar av Øystein Silde Frønsdal 9. aug 19 kl. 07:00

— Det er mange som ikkje vågar å bruka løypa når dei veit at det går storfe her. Ein del av prosjektet er å få på plass eit permanent straumgjerde, fortel grunneigar Trond Berge.

Han har gard på Kolbeinshaug i Ølensvåg, der han driv med kyr, sau og gris.

— Eg tykkjer det er viktig å ha ei positiv innstilling til folk som vil gå på tur. Tidlegare kunne det vera eit problem med parkering, men med dette prosjektet blir det lagt til rette for parkeringsplassar på begge sider av traseen, seier Berge.

På Bjoasida er det allereie parkeringsplass i Kolbeinhaugslia. På Dueland vil det bli laga parkeringsplass for rundt 15 bilar.

Oppgradering av vegen

Vindafjord turlag arbeider med å laga turvegar som knyter bygdene i kommunen saman. I vår starta arbeidet opp med å laga turveg/sykkelveg frå Dueland i Ølensvåg til Eikås på Bjoa. Traseen blir rundt 6,6 kilometer lang, og vil gå frå havnivå og opp på 300 meter over havet, før vegen går nedover igjen. I dag er det traktorveg i dette området, men planen er å oppgradera underlaget, som no er for dårleg for til dømes sykling.

— Vegstandarden vil bli mykje betre enn før. Her vil ein kunna bruka både sykkel og barnevogn, og frå Bjoasida er vegen universelt utforma, slik at rullestolbrukarar også kan bruka turvegen, fortel Arne Gunnar Habbestad i Vindafjord turlag.

Han fortel at vegen frå Ølensvåg er for bratt til å vera universelt utforma.

— Det blir ekstra høg standard på vegstrekninga på Bjoasida, då denne vil bli dimensjonert for tungtransport, sidan grunneigarane ønskjer å ta ut skog i området, seier Habbestad.

Trond Berge framføre staden der det no blir sprengd ut steinmassar, som skal knusast og brukast på den nye turvegen. FOTO: Anita Haugland

Finansiering

Prosjektet har ei kostnadsramme på vel 6,6 millionar kroner, og skal finansierast gjennom tilskot, tippemidlar, gåver og dugnad. Grunneigarane bidreg med ein eigendel på nærmare 1,2 millionar kroner.

— Mesteparten av midlane er på plass. Me får dekka inntil halvparten frå tippemiddlar, fortel Habbestad. 

Målet er at vegen står klar før jul. Før den tid skal grøftekantane ryddast for skog og kratt, og det skal sprengast ut stein i området, som skal knusast og brukast som dekke på den nye vegen.

— Kor langt ein kjem, heng saman med vêret. Vegen skal i alle fall vera ferdig til våren 2020, seier Habbestad.

Mange turløyper

Vindafjord turlag jobbar jamt og trutt med å få på plass turløyper i bygdene. I 2017 opna dei turvegen frå Ølen til Fikse, som går vidare til Etne, og i fjor opna ny turløype i Ølen sentrum.

— Prosjekta der grunneigarane ønskjer å samarbeida blir først prioriterte. Me kjem ikkje vidare utan å ha dei med på laget, fortel Habbestad.

Han meiner jobben har vore enkel langs traseen mellom Ølensvåg og Bjoa. Alle grunneigarane har signert og godkjend prosjektet.

Sykkelløyper

Traseen mellom Ølensvåg og Bjoa utløyser fleire alternative sykkelløyper dersom du tek eksisterande vegar rundt Bjoa og Vikebygd i bruk.

— Vegen utgjer også ein del av ein større plan om å laga til eit samanhengjande sykkelløypenett frå Ølensvåg til Bjoa og Vikebygd. Frå Bakkafoss (i Vikebygd) til Bjoa er det til dømes berre ein liten vegstubbe som manglar, før vegen heng saman. Slik er det veldig mange stader i kommunen, fortel prosjektleiar Leif Grindheim.

På denne traseen trengst det også ei bru over vegen.

— Dette blir neste prosjekt dersom grunneigarane er positive, seier Habbestad.

Når denne strekninga er på plass, kan ein sykla frå Ølensvåg til Vikebygd utan å møta på motorisert trafikk, med unnatak av trafikk frå grunneigarane.

— For dei sprekaste er jo dette også ei alternativ joggerute, seier Habbestad.