5S – kva er dette?

Kva er 5S?

5S er ein grunnleggande del innan Lean-filosofien. 5S er ei arbeidsform som har til føremål å skapa ein strukturert og rein arbeidsplass. I dette ligg blant anna at irritasjonar og tap av tid, materiell og andre ressursar, på grunn av manglande orden, er redusert til eit absolutt minimum!

5S står for å sortera, systematisera, skina, standardisera og sikra. Det betyr i praksis at alt verktøy, materiell, utstyr osb. på arbeidsplassen blir nøye gjennomgått og skikkeleg sortert. Det blir fokusert på faste lagringsplassar, orden og at det er ryddig og effektivt for den enkelte og avdelinga samla. 5S sikrar også faste rutinar når det gjeld systematisk rydding, slik at alt verktøy, utstyr og materiell blir sett tilbake på sin faste plass etter bruk. Dette skal vera ein del av dei daglege rutinane og ikkje basert på tilfeldige skippertak.

Standardiserte oppgåver

Noko det også blir lagt stor vekt på, er standardiserte arbeidsoppgåver og rutinar slik at alle veit eksakt kva eige ansvarsområde er på arbeidsplassen. Rutinar skal også leva over tid, difor er ei kontinuerleg oppfølging viktig for at 5S skal bli eit verktøy i det daglege. Eit viktig mål med 5S er at alle til eikvar tid veit kor utstyr og verktøy fins, og ikkje brukar unødvendig tid på å leita.  Det skal vera raskt å sjå at noko manglar på den faste plassen.

Sertifisering

For å kunne bli 5S sertifisert må ein nå eit visst tal poeng på ein gitt og standard poengskala. Sertifiseringa føregår som ein ordinær revisjon som elles blir brukt gjennom prosessen til å måla nivået på forbetringsarbeidet. Krava for å bli sertifisert, er at ein skal ha minimum 90 poeng totalt. Det er mogeleg å få 125 poeng fordelt på 25 område som ein blir målt på.

Forbetringsgrupper

Forbedringsgrupper er sentrale i arbeidet med Lean og 5S. Medarbeidarane blir inndelt å sjølvstendige arbeidsgrupper som arbeider med forbetringar innanfor sine arbeidsområde.  fGjennom gruppene kan medarbeidarane engasjere seg. Gruppene gjennomfører dei aller fleste endringane sjølve. Dette gir ein heilt annan kapasitet for ideskaping, løysing og gjennomføring. Løysingane vil vera enkle og godt tilpassa i forhold til dei utfordringane dei tilsette sjølve opplever på sin arbeidsplass. I tillegg lærer medarbeidarane gjennom desse gruppene å arbeide i team og dei er med på å ta ansvar for sin eigen arbeidssituasjon.

5S – S for S

5S står for 5 oppgåver som alle startar med ein S. Desse blir utført i ei bestemt rekkefølge på følgande måte:

Sortera. Ta ei vurdering av alt som fins i lokala og fjern alt som strengt tatt ikkje er nødvendig på arbeidsplassen. Beheld berre det som er heilt nødvendig, dvs. i hovudsak det som blir brukt til dagleg. Det som blir brukt kvar veke eller månad blir plassert i nærleiken av arbeidsplassen, til dømes i eit siderom . Det som blir brukt sjeldnare blir plassert på eit fjernlager.

Systematisere. Under systematisering får kvar ting sin faste og merka plass, slik at ein slepp å leita. Dette kan til dømes vera verktøy, reservedeler, forbruksdeler osv. Maksimum og minimums lager bør også blir merka. Til merking av golv blir det brukt tape eller maling.  Verktøytavler, skuffer og liknande blir merka med skygge. På plasser kor golv ikkje kan bli merka, kan det bli brukt eit bilete eller teikning som blir laminert og hengt på vegg.

Skinne. Det neste er å sørge for at alt er reint, i orden og klar til bruk. Det viktigaste her er reingjering, som her har fleire funksjonar:

  • mindre problem og slitasje på teknisk utstyr.
  • reingjering er inspeksjon.
  • ein kjekk arbeidsplass.
  • oppretthalde respekten for arbeidsplassen.

Standardisere. Å få på plass ein standard, kan få vekk frustrasjon og misnøye. Ein god framgangsmåte er at forbetringsgruppene, for eit gitt område, sjølve bestemmer kva standard dei ynskjer å ha i sitt område. Deretter må standarden bli vist i praksis med døme, bilete og liknande. I tillegg må alt ansvar bli brote ned på person. Kvar enkelt skal ha ansvar for å oppretthalde standarden i sitt område. Delt ansvar, blir raskt null ansvar!

Sikre. Etter ein god 5S prosess, er det svært lett at 5S nivået etterkvart går tilbake. Den siste S`en er difor den viktigaste for å halda oppe nivået over tid. Dette er leiaren sitt ansvar. Her skal me sikra resultatet som er oppnådd og vidareutvikla det over tid. 5S arbeid kan aldri bli avslutta, ein skal heile tida arbeide for å bli betre. Sikre gjør vi gjennom:

  • Engasjement gjennom veldrive forbetringsarbeid og forbetringsgrupper!
  • Gjennomføra 5S rundar og bruka av fast sjekkliste, til dømes kvar månad..
  • Bruka av 5S i nøkkeltal og målstyring.
  • Følg resultata og utvikla over tid.