Kompetanse

Leif Grindheim, dagleg leiar

Leif Grindheim

Utdanna ved NMBU (NLH), Siv. agric. (Msc.), landbruksøkonomi. Delstudiar frå BI, gjennomført ulike leiartreningsprogram

Resultatorientert, allsidig, kunnskapsrik, med erfaring frå toppstillingar i næringsliv, kommune og stat

  • Evne til å skaffe seg totaloversikt
  • God kombinasjon av kunnskapar om leiing, økonomi, personale, IT, kvalitet, HMS, prosjekt, forbetringsarbeid, prosessar, Lean/TPM, m.m.
  • Lang erfaring med organisasjonsutvikling med fokus på leveranse og gode resulat
  • Hatt ansvaret for og vore med på gjennomføring på tunge endringsprosessar, omstruktureringar, flytting av aktivitetar, nedlegging av avdelingar/fabrikkar, oppstart av nye, etc., for å få til forbetringar og skape resultat

Bakgrunn

  • Hatteland Display,  Vice President Production & Service. 7 år
    • Ansvarleg for produksjon av display og datamaskinar
    • Ansvarleg for globalt servicenettverk
    • Profesjonaliserte drifta gjennom mange interne prosjekt
  • Nortura. Fabrikkdirektør Forus, råvaredirektør, andre stillingar. 12 år
    • Fabrikkdirektør på Forus med 700 tilsette. Første direktør med totalansvar for fabrikken.
    • Råvaredirektør for 6 fabrikkar frå Kvinesdal i sør til Førde i nord
    • Medlem av klassifiseringsutvalet, styringsgruppa for IT i Nortura, ulike prosjektgrupper
    • Endringsprosjekt, omstrukturering  i Nortura. Var aktivt med på gjennomføring av eit av dei største omstillingsprosjekta som har vore i norsk industri. Mange fabrikkar og avdelingar vart lagt ned, og aktivitetar blei flytta
    • Gjennomførte mange interne prosjekt for å styrke resultata. Driftskontrollar, KPI-oppfølging, TPM, intern kultur, leiaropplæring etc.
  • Fatland-konsernet. Kvalitetsleiar, personalansvarleg. 4 år
    • Ansvarleg for kvalitetssystema for 5 fabrikkar
    • Personalsaker, tilsetjingar, lønsforhandlingar m.m.
    • Forhandlingar med leverandørar av råstoff og transport
    • Organisering, mange interne prosjekt
  • Etne kommune. Økonomisjef/kommunekasserar. 5 år
    • Fekk kontroll på økonomien i kommunen gjennom interne prosjekt. Innførte mange nye kontroll-/oppfølgingssystem
    • Prosjektleiar for “Internkontroll i kommunar” i Etne kommune, pionerprosjekt i Norge og som blei landskjent
  • NILF, avd. Budsjettnemnda for jordbruket. 2 år
    • Modellbruksberekningar, levekårutgreiingar
    • Deltok i forskingsprosjekt innafor landbruket