Nesheim, Hovda, Lokna i Sveio

Prosjekt gjennomført februar til juni 2018, ca. 210 mål blei rydda. På Nesheim er det mange krigsminne og restar av ei festning frå krigen. Det er eit flott område og Nordsjøløypa går gjennom her. Som så mange andre plasser, var mange av krigsminna grodd igjen. Dette ynskte me å få gjort noko med.

Under 2. verdskrigen bygde den tyske hæren opp tre anlegg ved Bømlafjorden, som skulle forsvare den indre skipsleia mellom Haugesund og innseglinga til Bergen. Eitt av desse ligg på Nesheim mellom Eltravåg og Hovda. Det blei av tyskarane kalla «Nordheim batteri». Oppbygginga starta i 1941, og området blei bygt ut med 4 kanonstillingar og 6 kanoner, forlegningsbrakker, offisersbrakker, spisebrakker og ei rekkje bunkerar og løpegraver.

Då freden kom, blei brakker og utstyr som kunne brukast til andre føremål, raskt fjerna.

I dag står berre murane att etter dei fleste bygningane.

Området er i privat eige, men er ope og tilgjengeleg for turgåarar.

Etter kvart som ryddearbeidet gjekk fram, var det stadig nye bunkerar, eller andre minne frå krigen som dukka opp. Det var difor eit svært spennande prosjekt.

På Hovda går Gullvegen langs sjøen, med utsikt til havet. Denne utsikten har det vore vanskeleg å sjå, sidan som det ofte er, tar skogen overhand. Etter at utsiktsryddinga er området forandra. Det er nå spennande å køyre forbi og ein kan nyta den flotte utsikta.

Lokna ligg lenge nord og ved Tjernagelvegen. I området er det eit naturreservat. Ryddinga med gjorde, var nord for Sandvatnet som ligg i naturreservatet. Langt kjekkare å køyre langs vegen når det er meir å sjå ut til sidene. Om ein køyrer ute i naturen, blir det likevel ikkje den store opplevering dersom det einaste ein ser, er ein vegg med tre som stenger utsikta.