Første halvår 2020: utsiktsrydding Etne, planting av gran, turvegen Ølensvåg – Eikås, turveg Himakånå, Kubbervik

Første halvår 2020 har vore eit annleis år med korona og mindre aktivitet totalt enn det har vore dei siste åra. Det har vore færre store prosjekt og mange mindre oppdrag. Nokre av prosjekta der me har vore involvert meir eller mindre over fleire år, vart ferdige dette halvåret. Utsiktsryddinga som har vore ein stor aktivitet over fleire år, er nå avslutta.

Prosjekt i perioden:

  • Siste del av utsiktsryddinga i Etne, langs E134 og frå Lurasund til Kvammen.
  • Planting av gran for Nortømmer.
  • Skilting langs den nye turvegen mellom Ølensvåg og Eikås, samt rydding for 2 nye turstiar langs vegen. Prosjektet er avslutta og Vindafjord Turlag har fått utbetalt spelemidlane og momskompensasjonen!
  • Kubbervik. Rydda opp/pynta i områda der me felte ned skog i 2019, samt laga plen.
  • Himåkånå, ny turveg.

Utsiktsrydding i Etne

Me har hatt mange gode utsiktsryddingsprosjekt dei siste åra. Dessverre er det slutt på dei statlege tilskota til denne type prosjekt og det var siste rest som stod igjen. Arbeidet i år vart gjort langs E134 ved Stordalsvatnet og frå Lurasund mot Kvammen. Sidan det nå er vanskelegare å få tak i midlar, blir denne typen aktivitet med skogrydding trappa ned.

Planting av gran

Koronapandemien har påverka samfunnet sterkt sidan mars. Sidan det lenge var vanskeleg å få inn sesongarbeidarar frå utlandet, spurte Nortømmer oss om me kunne hjelpe til med på planting av gran. I Legria seier med aldri nei, så me sa ja til dette. Planting vart gjort i mai og mesteparten av arbeidet vart gjort ved hjelp arbeidsledige, i tillegg til oss faste.

Skilting langs den nye turvegen mellom Ølensvåg og Eikås

Siste del av arbeidet for Vindafjord Turlag som stod igjen vart gjort før ferien, var å få sett opp skilta. Legria var også med på å gå gjort ferdig siste del av gjerdinga langs turvegen. Det er sett opp totalt 5,1 km med elektriske gjerde, grunneigarane har elles gjort ein kjempejobb. 

I turprosjekta der Legria er med, er spelemiddelsøknadar og finansiering ein viktig del for å kunne realisere prosjekta og som me tar oss av. Rekneskapen for prosjektet vart gjort ferdig i løpet av februar 2020 og ved utgangen av juni var spelemidlane og momskompensasjonen utbetalt til turlaget. Byggelånet som var nødvendig i byggefasen, er nå nedbetalt.

Kubbervik, ryddearbeid og etablering av plen

I 2019 hadde Legria mykje arbeid å få rydda vekk skog. På grunn av svært kupert terreng, vart stokkane og greinene liggande i terrenget svært synleg. For å få det til å sjå finare ut, var me ute to personar – Nazar og Leif – og kutta opp trea. Me var også ute ei veke og laga til plenar tilrettelagt for plenrobot; planering, rette opp kantar, legge på mold, gjødsle og så plenfrø.

Himakånå – ny turveg

Frå hausten 2017 har Leif vore innleigd som prosjektleiar av Tysvær kommune, for å få på plass ulike tiltak i samband med Himakånå. Dette har vore etablering av stiftinga Nedstrandsvekst, avtalar med grunneigarar i samband med ny turveg, planlegging av ny turveg, skilting m.m. Engasjementet nå på slutten har ikkje vore så stort, men turvegen vart ferdig bygd i juni 2020. Dette har vore eit svært spennande prosjekt og det er kjekt å sjå at folk strøymer til i store mengder for å gå på den nye turvegen!

Oppsetting av leikestativ for Roa grendalag

Grendalaget hadde kjøpt inn eit leikestativ som dei ynskte å få sett opp på ein leikeplass. Pawel Dobrzenski var med for å få sett det opp.