Turstiar Ryvardsmarka

Utover mot Ryvarden eig Ølen Betong det meste av området. Turgåarar og kjentfolk i området hadde spurt om det kunne vera mogleg å få laga nye turstiar i Ryvardsmarka på deira eigedom, for dei meinte det er andre flotte stader å gå utanom turvegen som går til Ryvarden og som det ikkje er så mange som kjenner til. Dette hadde eigarane av Ølen Betong lyst til. I 2020 blei Legria kontakta om hjelp til å få tilrettelagt nye turstiar slik det var ynskje om, arbeidet er nå nesten ferdig. Mesteparten vart gjort i 2021, det som står igjen nå er skilting og merking og det er ikkje lenge til før stiane kan opnast. Dette har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Ølen Betong Gruppen AS, Haugesund Turistforening, Sveio kommune og Ryvarden Kulturfyr.

Det er tre nye turstiar som nå er tilrettelagt:

  • Tursti langs sjøen ut mot Ryvarden 1,8 km.
  • Rundløype rundt Kvernavatnet 2,4 km.
  • Alternativ sti til Nordsjøløypa mellom Mølstrevåg og Lyngholmen, 1,0 km.

I tillegg blir Nordsjøløypa merka opp mellom Ryvarden, Lyngholm og mot Eltravåg.

Legria har tatt seg av alt arbeidet med prosjektet, frå planlegging til ferdig gjennomført prosjekt.

Tursti langs sjøen ut mot Ryvarden

Rundløype Kvernavatnet