Baslibrua Bjoa-Vikebygd offisielt opna

17.mai vart den nye Baslibrua offisielt opna. Brua med både ny og opprusta veg på begge sider av Dalselva vil auka tilgang til flotte turområde, og knyta Bjoa og Vikebygd endå tettare saman.

Grannar – Grethe Hopland Ravn Publisert 19. mai 21  

Tre unge jenter fekk æra av å stå for den offisielle snorklyppinga ved opninga av Baslibrua på nasjonaldagen.
Astrid Håvarstein Lothe, Trine Vike (med saksa) og Ella Winterhus Julsrud.
Med den nye, solide og flotte brua er dei gode nabobygdane Bjoa og Vikebygd knytta endå tettare saman.
Foto: Rune Hetland

Om lag 80 personar frå bygdene, godt fordelt på kva si side av elva og brua møttes 17. mai til den flotte markeringa i regi av komitéande i Bjoa og i Vikebygd. Det var reine sommarvêret og mange møtte fram i full bunad og fekk oppleve hornmusikk, talar og hyggeleg prat mellom sambygdingar og nabobygdingar.

Mange frå Vikebygd var med på markeringa.
Foto: Rune Hetland

Kjetil Skartland heldt opningstalen og fortalde om vegbygginga frå begge bygder. Arbeidet frå Bakkafossen innover mot Dalsbruket starta alt i 1957, og kom den gong til Skrubbasmåg.

På Bjoasida vart vegen i 1984 oppgradert frå hest og kjerreveg til skogsbilveg frå Dalasvingen til Baslia.

Det er Vindafjord turlag som har leia prosjektet der det er bygd ei solid gangbru ovanfor Baslifossen, ny veg ned til brua på Bjoasida, og ein nokså lang ny veg frå Skubbassmåg til brua på Vikebydsida. Skogsbilvegane på begge sider er og kraftig oppgraderte.

Så var bygdene samla. F.v.: Lene Skartland frå Vikebygd, Kathrina Håvarstein frå Bjoa, og Laila Øvstedal Espeland
Foto: Rune Hetland

Tveit Maskin har vore hovedentrepenør og Legria ved Leif Grindheim har både vore prosjektleiar og gjort arbeid med å rydde og finpusse langs traseen.

Grunneigarane vart og framheva for godt samarbeid i eit prosjekt som Skartland kalla makalaust og ei hundreårshending.

Vindafjord turlag seier til Grannar at avtalar med grunneigarane ofte er ein flaskehals og det som avgjer om mange turvegprosjekt kan realiserast. At ein møtte positive grunneigarar både på Bjoa og Vikebygdsida var avgjerande for at Baslibrua med tilkomstvegar nå står ferdig.

Folk kosa seg i amfiskråninga på Bjoa-sida under opninga.
Foto: Rune Hetland

Prosjektleiar Leif Grindheim framfor den robuste og flotte Baslibrua.
Foto: Rune Hetland