Administrasjon for SØK AS og SØK-stiftinga

Sidan hausten 2020 har Legria ved Leif Grindheim vore styresekretær og administrasjon for Skånevik Ølen Kraftlag AS. I 2021 gjekk mykje tida med til å følgje opp dette arbeidet.

I 2020 bestemte styret at det skulle bli gjort ein full gjennomgang av aksjetildelingane som vart gjort i 2017, etter at mange har påpeikt at det var mange som ikkje hadde fått aksjar eller som skulle ha fått fleire aksjar. Gjennomgangen starta på slutten av 2020 og var ferdig i august 2021, eit svært omfattande arbeid som resulterte i at det vart mange nye aksjonærar i selskapet, samt at det vart skrive ut 18 mill. nye aksjar gjennom ein retta kapitalauke.

Meir om SØK AS

I 2021 vart også SØK AS omdanna og som ein del av dette vart SØK-stiftinga oppretta, «SØK-stiftinga for allmennyttige og liknande føremål i SØK-området». Ved eit framtidig sal av aksjane som SØK AS eig i Haugaland Kraft, skal SØK-stiftinga få 20% av salssummen, verdsett i 2021 til 79 mill. kroner. Fram til eit eventuelt sal får stiftinga utbetalt 2,7 mill. i årleg rente som blir brukt til utdelinga av gåver til allmennyttige formål. Legria er administrasjon også for SØK-stiftinga.

Meir om SØK-stiftinga